På sida sida Trening er det lagt til ei kobling til BCK sine sider der det er mykje nyttig informasjon om trening, kosthald, teknikk m.m. 22.12.10 Dette er den nye internettsida vår. Innhaldet er som før og det meste av tidlegare stoff er lagt over. Dersom du la den gamle internettsida inn som favoritt vil du ikkje koma direkte inn. Legg denne sida til favorittar nok ein gong så skal det verke bra. Voss sykleklubb ynskjer alle medlemer og sykkelvener ei God Jul. 19.12.10 På grunn av stenging av idrettshallen i jula vert det berre desse treningane: Mandag 20 desember kl 19. Mandag 27 desember kl 19. Mandag 3 januar startar vi opp med fullt program. 18.12.10 Julaspinninga vart ein stor suksess. Med Paul, Thorbjørn og Toril som kapteinar sykle vi Bergen-Voss på under 3 timar. Bilete og videoar på storskjerm inspirerte til stor innsats. Etter intense forhnadlingar lukkast det oss å få engasjert Julenissen i ei travel tid. Han langa mat og drikke og det såg ut so...