Onsdag 22. mars 2023 kl. 18:30 vert det verve/introkveld "Vil du sykla med oss?" Stad : Regimentsvegen 158 ("Skigutane-bygget" på Tvildemoen, underetasjen). Tema : Presentasjon av klubben og landevegssykling. Klubbmedlemmer fortel om korleis me trenar og kvifor nett du også kan få utbyte av å sykla med oss. Du treng ikkje ha ambisjonar om å sykla ritt, me er ein klubb for alle som syklar på landevegssykkel. Det vert rikeleg tid til å stilla spørsmål og snakka med oss. Me får besøk av ein leverandør av klubbdrakter, og det vert høve til å prøva sykkelklede, hjelmar, osv. Velkomen! Kontaktinfo : Epost: vossykle@gmail.com
Innetreninga er avslutta for denne gongen. Takk til dei inspirerande instruktørane våre! Utetrening: Tirsdager kl. 18: Roleg trening, feltsyklingsteknikk og individuell teknikk Torsdager kl. 18: Tyngre trening, gjerne i pulssone 3 eller 4. Helger: Langtur uten trener. Bruk gjerne FB-sida om du skipar deg på eigne turar i helgane. Frammøte ved Amfi, om ikkje anna er nemnt. Møt i rett tid med sykkelen i orden og utstyr for å handtera punktering. Kle deg etter vêret og vêrmeldinga. Treningsplanen finn du her . Planen er rettleiande. Treningane kan verta endra etter vêr og oppmøte. I tilfelle uvanleg dårleg eller kaldt vêr kan treninga den dagen verta avlyst. Eventuelle endringar vert kunngjorde på Facebook-sida vår innan kl. 17:00 på den same dagen. Treningsreglement finn du her . Velkommen på trening!