Torsdag 26 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre Toril, Marta, Egil og Tryggve for ein hard og flott vinter. Utetreninga startar tysdag 7 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Tirsdagar kl 18:00. Roleg trening. Torsdagar kl 18:00. Intensiv og spesifikk trening. Laurdagar kl 10:00. Langtur utan trenar. Vegen gjennom Honveshagen opnar ikkje før i Juni. Det er vegarbeid etter Mønshaugen og ved Bjørgum. Tilstanden i Skjervet er også uviss. Den vedlagte treningsplanen er såleis berre rettleiande når det gjeld kvar vi syklar. Les gjennom treningsreglementet. Pass på at sykkelen er i god stand slik at treningane vert gjennomførde på ein effektiv måte. Kle deg godt og vel møtt til ein triveleg sesong. Seinare i april vil vi starte opp ei trimgruppe med lågare skuldrar.