Om klubben

Voss SK er ein breiddeklubb organisert i Norges Cykleforbund med tilbod for mosjonistar og dei som liker å konkurrera. Syklistar på alle nivå er velkomne! Klubben skal fremja idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom. Arbeidet vårt er bygd på frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. Me organiserer sykkeltrening utandørs i sommarhalvåret og spinningstrening innandørs om vinteren. Me har også mekkekurs og andre samankomstar.

Sykling er ei skånsam treningsform som er bra for kondisjon og musklar. I tillegg er det gøy, utfordrande, sosialt og gledesfylt! Sykling er den treningsforma som aukar mest i Noreg. Bli medlem i dag!

Kontaktinformasjon

Epost: vossykle@gmail.com
Følg oss på Facebook
Følg oss på Strava

Styret fra 28/2 2026

Leiar: Ove Vik
Nestleiar: Inge Hommedal
Styremedlemmer: Anne Underdal, Geir Geitle, Audun Gudbrandstuen,
Varemedlemmer: Ralf Teetzmann, Arne Morken