Utetreninga er i gang – treningsplanen for hausten 2026

Haustreninga er i gang frå 4. august og me ser fram mot gode opplevingar, kvalitetstrening og mange fine timar på sykkelen. Første tur etter sommaren trillar me roleg til Granvin og tilbake, med fokus på å komme i gang att med kjedesyklinga (*). Du finn resten av treningsplanen her:

Treningsplan for tida august – september 2026

Me minner elles om at det er viktig å gje melding baketter i feltet når ein ser hindringar i vegen, t.d. hol i asfalten som er slik at dei kan vera fårlege å hamna oppi.

Me nyttar òg høvet til å oppfordre til merking av hjelmen: Set namnet ditt på båe sider og helst bak på hjelmen – på den måten lærer me kvarandre lettare å kjenna og beskjedar i feltet kjem òg lettare fram.

På VSK sine treningar skal alle, uavhengig av nivå, ha glede og utbyte av treningane! Ta gjerne kontakt med oss om du har forslag til forbetring.

Vèl møtt på treningane!

(*) Feltsykling er kjekt og gjevande. Samstundes er det slik at somme kvir seg for å ta til med denne typen trening. For å bøta på dette kan klubben tilby individuell introduksjon til temaet. Etter avtale kan me sykla saman i mindre grupper eller med einskildpersonar for å gjera nye og gamle medlemmer tryggare på syklinga si slik at det skal vera lett å ta til med feltsykling. Ta kontakt via e-adressa vossykle@gmail.com eller SMS/telefon 909 32 527 om dette er interessant for deg. Om du møter opp kl. 17:40 på den fyrste treninga (tysdag) kan du få ein kort introduksjon til sykling med klubben – gi i så fall beskjed på forhånd.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *